Bani Na'im

Bani Na'im
بني نعيم, Kafr Barik, Bani Nu'aym
kommune
Grava til Lot i Bani Na'im
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Hebron guvernement
Koordinatar 31°30′58″N 35°09′51″E / 31.51611°N 35.16417°E / 31.51611; 35.16417
Folketal 20 084  (2007)
Borgarmeister Issa Hassan al-Khdour
Kart
Bani Na'im
31°30′58″N 35°09′51″E / 31.516111111111°N 35.164166666667°E / 31.516111111111; 35.164166666667
Wikimedia Commons: Bani Naim
Nettstad: Bani Na'im Municipality

Bani Na'im (arabisk بني نعيم, Banî Na‘îm) er ein palestinsk by sør på Vestbreidda, 8 km aust for Hebron i Hebron guvernement. Han vart kalla «Caphar Barucha» på 300-talet. Byen er mest kjend som gravstaden til Lot. Etter den muslimske erobringa har namnet blitt arabisert som «Kafr al-Barik.» Grava til Lot vart omgjort til ein moské under det islamske styret og framleis under krossfarar-styret. Seinare slo den arabiske stamma Bani Nu'aym seg ned her, og har gjeve det noverande namnet Bani Na'im, først nytta av den muslimske vitskapsmannen Abd al-Ghani al-Nabulsi i 1690.

Folketalet i Bani Na'im voks under Palestinamandatet. Han vart med i arabararopprøret 1936–39 og var åstad for eit slag mellom dei irregulære palestinsk-arabiske styrkane til Abd al-Qadir al-Husayni og den britiske hæren. Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, vart Bani Na'im annektert av Jordan. Han kom under israelsk okkupasjon etter at Israel erobra Vestbreidda under seksdagarskrigen i 1967. I 1997 vart Bani Na'im overtført til palestinsk administrasjon og vart så ein kommune. I dag er han handelssenter for landsbyar i Hebron-området. Byen hadde eit eit folketal på 20 084 innbyggjarar i 2007.[1] Han ligg høgare enn dei fleste andre busetnadane i området, 951 meter over havet.

  1. «Palestina Census» (PDF). Palestinsk statistisk sentralbyrå. 2007. s. 118. Henta 5. september 2015. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne